Velg en side

God jul fra alle oss til alle dere

Vi er ikke så gode på julekort lenger, men vi (les Silje) har skrevet et julebrev og sendt ut litt i hytt og pine. I tilfelle noen som burde fått, ikke har fått den e-posten, deler vi brevet her på bloggen.

Som bonus legger vi inn noen ekstra bilder og videoglimt fra året som gikk.

Men skal du ha tilgang til disse må du ha et passord, så ønsker du å se er det bare å sende en melding til Kjetil på facebook eller mobil (97676363) så sender jeg dette.

Kjære familie og venner (og blogglesere)!

Plutseleg er det blitt 23.desember og berre en dagar igjen til jul. Med fire forventningsfulle barn i huset, er det umulig å ikkje kjenne på spenninga, og ikkje minst vite talet på dagar som er igjen…

Vi kan sjå tilbake på nok eit år med mange og kjekke opplevingar.

Ut på tur

Vi har hatt vår første vinterferie(hytte)tur med skigåing kvar dag. Det var ein draumetur frå start til slutt. Snømannbygging, puddersnø, strålende sol, og storm ,som gjorde hyttekosen ekstra trivelig. Tusen takk til snille søster Kari og svoger Birger for lån av hytta!

 

I mai var vi i Trondheim i konfirmasjon til fetter Filip, ein av dei store heltane til gutane her i huset.

Ut på fjelltur

Vi har oppfylt min ( Silje) draum, nemlig å ta med heile familien over «vidden», Ulriken- Fløyen. Ein flott tur, som lærte oss at det er lurt å ta på seg meir klede enn vi trur er nødvendig ( Les: Godt å ha ei storesøster som kan låne oss klede ), og lærdom nr to: Ikkje lurt å ta med barn på ein seks timar lang «oppvarmingstur», før vi skal på ei vekes høgfjellsferie med fleire turar på programmet.

«Mamma eg skal aaaldri gå på tur igjen» Og «Mamma skal vi gå heilt DIT». Ha, ha. Ja, ja vi har fått eit minne for livet, og vi har ikkje tatt skrekken.

Det vert definitivt fleire turar.

Sommarferie

Høgfjellsferie på Hermon Høyfjellssenter er absolutt å anbefale. Turopplegg for dei som vil, flotte familiesamlingar, badeland i nabohuset og fantastisk mat.

Nokre turar til Ålebyen har det også blitt. Vi er ikkje før komen heim, før borna vil tilbake! Tusen takk til snille Audhild og Nils Peder, som huser oss både sommar og vinter!

Vi har hatt besøk, som vi også har dratt ut på tur. Sånn er det når mor i huset er bitt av «fjell-basillen». Vi storkoste oss og håper gjestane gjorde det same.

Kvardagar

Sjølv om vi har hatt flotte, både fjell- og bil- turar rundt om i landet, så er det jo kvardagar det har vore flest av.

Og dei har vore fulle av skule, barnehage, symjing, piano, karate, gitar, dans, fotball, B-kids, torsdags-ope, ope-hus, Salomoklubb, kor, forsangargruppe, klubb, bibelgruppe, styremøter og utval, hestepass og litt arbeid for oss vaksne.

Sjølv om vi har vore inne i ein sjukdomsperiode no, med influensa og litt sånn knask, så er vi inderlig takknemlig for at vi berre er plaga av slikt som går over.

Livet med fire barn i huset er hektisk, men utrulig godt! Innimellom krangling, kjefting, og masing ( Huff ja det blir litt for mykje av det, til tider), prøver vi å nyte kvar dag så mykje vi kan.

Små gullkorn frå toåringen. Eit «eg er glad i deg» frå ho som snart er ten-åring. Lytte til ein ny vits 10 –åringen har funne og pokemon-go saman med 8-åringen. Dyrebare augeblikk!

Kom gjerne på besøk

Med hektisk kvardag vert det for lite tid til impulsbesøk og det håpar eg vi kan gjere noko med i året som kjem. Vi er glad i besøk, så skulle de vere i området er det berre å stikke innom. Det er ikkje sikkert at huset ser ut som et interiørblad, men det trur eg de tåler.

Kanskje dukkar vi plutseleg opp utanfor di dør også.

Vi ynskjer dykk eit velsigna god jul og eit fredeleg og godt nytt år!

For eit barn er oss fødd,  ein son er oss gjeven.
Herreveldet er lagt på hans skulder.
Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste.
Jesaja 9,6

Varme juleklemmer frå oss


PS: Vi var også ein tur i Kongeparken, her er ein liten video fra den turen:

Samuel og pappa var ein tur til Paris, her er ein video fra den turen: