Velg en side

Opp og hopp..
Onsdag 1. september sto eg opp kl. 03.30, for å ta turen til Sunnmøre…

(Note to self:
Sjekk ferjetidene litt betre før du avtaler sånne seminar i framtida…)

Men sidan tema var “Bruk av sosiale nettmedia”  har vært ei aldri så lita ”hjertesak” for meg, var det eigentlig ikkje så vanskelig å komme seg opp og ut! Så med ½ liter kaffi og ein del havregryn i kroppen, sette eg meg i bilen kl. 04.00 for å frese av garde til Flesland.

Mat og kaffi
Etter ein god frukost på flyet, og enda litt meir kaffi (kanskje ikkje fult så god) var eg trygt framme på ”gamle tomter”. Ein god gjeng med Kateketar og nokre prestar møtte fram. Kor mange var vi til saman, ca16 (trur eg?). Uansett er det jo ikkje kvantiteten som er det viktigaste, men kvaliteten.

Ting vi snakka om:

Dialog er viktig
Eg synes vi fekk ein god dialog rundt utfordringar og muligheta med unge og eldre sin bruk av nett og sosiale media… Dette er eit tema det er viktig vi snakker saman om! Sånn at vi kan lære av kvarandre, og bli meir beviste på vår eigen bruk! Utgangspunktet mitt er jo at teknologi alltid gir muligheter, samtidig som det skaper ufordringar. Spørsmålet er berre korleis vi møter dette…

Ein fantastisk sketsj
Eit klipp frå you tuber er jo alltid kjekt, spesielt dette om ”help desken”. Har du sett 2.0 versjonen?

Eit lite tilbakeblikk
Eg synest det er viktig å sjå litt tilbake i historia, og korleis ting har fungert før. De første læresveinane fekk beskjed om å ”gå ut” med bodskapen om Jesus, og de kunne gjøre nettopp dette på veiene som Romerriket hadde fått på plass. De brukte de ”kanalane” for å få ut evangeliet. Paulus og fleire med han tok i bruk ”teknologien” brevskriving, og sende dei rundt om kring…

Eit lite hopp fram…
Trykkpressa var ny teknologi, som var viktig for Luther å ta i bruk då reformasjonen tok til. Då kinoen kom, var mange av dei første filmane som blei laga fokusert på Jesus. Nye organisasjonar var på hugget og sende raskt ut informasjon i bladform. Mikrofonar og høgtalarar blei tatt i bruk, det same vart radio og tv. For at fleire skulle få høyre…

Internett – forandre alt
Men dessverre er det min oppfating at vi ikkje har vært så på hugget med å ta i bruk internett. Og vi ligger framleis eit stykke ”bak i leksa” med dei sidene vi styrer på med.  Mange er framleis på eit web 1.0 nivå… (Stemmer ikkje det?) Les meir om web 1.0 vs web 2.0 her (eller søk litt på google om det..)

Et verktøy
Internett er kanskje det viktigaste verktøyet vi kan lære oss å bruke på ein god måte. Men det er ei stor utfordring å lære oss (pluss barna og dei unge) å bruke nettet på ein god måte. Derfor er det viktig å ha fokus på dei tema som til dømes BarneVakten tar opp rundt trygg nettbruk og digital mobbing. Eg anbefaler også å sjå gjennom programmet Brennpunkt: Naken på nett! Pluss et besøk på pornokirken.no

Ein viktig plass å være til stede
Enormt mange menneske er på nett, og bruker aktivt de nye sosiale nettsidene som facebook og you tube.  Derfor er det viktig at vi også er til stede der og deltar i dialogen og deler av det vi trur på. På Hallogen.no finner du tall om norske bruker, eller du kan sjå  på denne oversikta frå TNS Gallup på bloggen til Paul Chaffey.

Lett på nett?
Ting kan tyde på at det er letter å ta kontakt ang vanskelige tema på nett… Kanskje det også er lettare å stille spørsmål om tru og tvil på nett? De som leite på nett om desse tema, bør i alle fall finne nokon som er interessert i å svare. For eksempel på OmGud.net.

Konfirmant
Då dette var ei samling for de som jobbar med ungdom og konfirmantar, snakka vi ein del rundt bruken av facebook og blogg. Det er viktig å finne former som ikkje virke ekskluderande på de som eventuelt ikkje er på nett/facebook. Men eg trur konklusjonen var at fornuftig bruk av blogg og facebook på mange måtar kan være gode reiskap.

Personlig merkevare?
Vi fikk litt ”hjelp” av Thomas Moen og Arnt Eriksen, via video. Vi viste (med løyve) nokre klipp frå ein episode med Sofaprat. En podcast som er vel vært å sjekke ut…

Korleis er det med kateketar, er ein ei ”merkevare” for kyrkja?
Korleis blir det, når ein koplar på sosiale nettmedia…
Korleis skilje mellom jobb og fritid, privat og profesjonelt?

Litt fokus på strategi.
Kvifor bruke sosiale medium? Det blir fort sånn at ein automatisk kastar seg på ”siste nytt” utan å tenke gjennom kvifor. Eg trur det er viktig å ikkje tenk at vi må være tilstede i sosiale medium, men tenke kvifor…

  • Kvifor er vi til?
  • Kven skal vi nå?
  • Kva vil vi oppnå?

Når det er på plass, kan ein vurdere om ein skal bruke sosiale medium? Er det eit nyttig verktøy, og korleis bruke dei effektivt.

Nokre fleire lenker du kan sjekke ut:

PS: Eg synest det var veldig kjekt å være med på ei sånn samling, og sette fokus på dette temaet! Så om det er andre som vil invitere til noko i den dur, er det berre å ta kontakt! Eventuelt sjekke refferanse med Bjørn som sto bak arrangemente.