Velg en side
Newspaper_Feed_256x256

This icon set was designed by Dirceu Veiga http://www.fasticon.com/

Alltid oppdatert…
Etter at eg bytte til Mac, og “oppdaga” at eg kunne abonnere på RSS-feeds med mail programet (i plassen for å gjere det med nettlesaren som eg hadde brukt før) gjekk det opp eit lys for meg…

RSS er jo genialt!
RSS-standarden blei utvikla av Netscape for enkel distribusjon av nyhende, og du kan lese meir om det f eks her

Så med RSS held eg meg oppdatert på nyhende og på bloggar som eg følger.

Men mange nettsider har ikkje RSS-feed…
Tok ein sjekk på de sidene som eg linka til på ImF-Ung og det store fleirtalet hadde ikkje RSS. Kanskje eit bevisst valg…(??) Men kanskje mest sannsynleg fordi ein ikkje “følgjer heilt med i timen”. Eller kva trur du?

Så eg lurer på om DU brukar RSS aktivt?

  • Kva type nettsider er det du følgjer med på?
  • Kva RSS-lesar brukar du (og kvifor?)
  • Kvifor brukar du eventuelt ikkje RSS?